Premie

Alle arbeidsgivarar som er kundar i Statens pensjonskasse, betaler ein årleg premie for å finansiere pensjonsrettane til sine tilsette.

Statens pensjonskasse fastset ein premie for alle arbeidsgivarar. Mange arbeidsgivarar blir samla i ulike premiefellesskap der alle i fellesskapet har same premiesats.

Premiesatsen blir fastsett slik at den skal dekkje det påkravde tilskotet til finansiering av dei opptente pensjonsrettane. For dei arbeidsgivarane som er fullt ut ansvarlege for over-/underdekning (solvens) av pensjonsforpliktingane, inngår solvensen som ein del av premieestimata.

Premiesatsane blir berekna som ein del av årsoppgjeret vi sender til alle kundar før 1. juni kvart år. Premieestimata er også ein del av den årlege prosessen der Statens pensjonskasse kjem med innspel til statsbudsjettet.