Opptenings­tid

Den tida du har vore medlem i Statens pensjonskasse blir kalla oppteningstid. Dette vil normalt seie den tida du har jobba i ei statleg stilling og har betalt pensjonsinnskot. Permisjonar i samsvar med med permisjonsavtalen gir deg også oppteningstid.

Du må ha vore tilsett i ei stilling i minst ein månad for at perioden skal vere pensjonsgivande, og du kan få opptening uavhengig om du har jobba heiltid eller deltid.

Dersom du jobbar etter fylte 67 år vil også denne oppteningstida vere pensjonsgivande.

Full oppteningstid

Full oppteningstid er for dei fleste 30 år. Etter gjevne reglar kan full oppteningstid vere opptil 40 år ved  oppsett pensjon Oppsett pensjon Dersom du tidlegare har vore medlem hos oss, kan du ha tent opp pensjonsrettar til ein framtidig pensjon. Desse kallar vi ein oppsett pensjon. Det blir stilt krav om minst 3 års oppteningstid. Mer om Oppsett pensjon .

Kva har oppteningstida å seie for pensjonen?

Pensjonen blir berekna i forhold til den enkelte si oppteningstid i Statens pensjonskasse. Vi reduserer pensjonen dersom denne tida er kortare enn 30 år. Vi reduserer med 1/30 for kvart år du manglar på 30 år. Det vil seie at dersom du har vore medlem i 20 år, vil du få 20/30 av full pensjon.

Samla oppteningstid blir alltid runda av til heile år. Dersom oppteningstida for eksempel er 25 år, 5 månader og 29 dagar, blir oppteningstida runda ned til 25 år. Dersom oppteningstida er 25 år og 6 månader, blir oppteningstida runda opp til 26 år.

Oppteningstid ved uførepensjon

Ved uførepensjon får du også medrekna den oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til du fyller 67 år. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til du fyller 67 år, får du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid.

Dersom du har lågare aldersgrense vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa.

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015

Uførepensjonar som starta før 1.1.2015 fekk medrekna oppteningstida du kunne ha oppnått om du hadde vore frisk og kunne halde fram i stillinga fram til aldersgrensa. Dersom du kunne ha oppnått 30 år ved å fortsetje i stillinga fram til aldersgrensa, fekk du medrekna full pensjonsgivande oppteningstid. Dette gjeld så lenge du får uførepensjon etter overgangsreglane for uførepensjon. Dersom uførepensjonen skal bli berekna etter nye reglar for uførepensjon, vil du få medrekna oppteningstid fram til aldersgrensa eller seinast til fylte 67 år.

Oppteningstid ved yrkesskade

Dersom du er ufør på grunn av yrkesskade, vil du få full pensjonsgivande oppteningstid ved uførepensjonen. Når du seinare får alderspensjon vil likevel oppteningstida bli sett til faktisk oppteningstid pluss den oppteningstida du ville fått dersom du hadde halde fram i stillinga til aldersgrensa, eller seinast til fylte 67 år.

Permisjonsavtalen

Ulike typar permisjonar kan medreknast i oppteningstida di i Statens pensjonskasse. Permisjonsavtalen gjeld for permisjonar frå 01.07.1982 og kan gi medrekning av oppteningstid i permisjonstida.