GKRS

GKRS er ei forkorting for god kommunal rekneskapsskikk. Alle kommunar og fylkeskommunar bruker GKRS-oppstillinga i rekneskapen sin.

§ 13 i forskrift om årsrekneskap og årsmelding regulerer korleis kommunane skal berekne og føre pensjonskostnader og pensjonsforpliktelsar, slik at dei er i samsvar med god rekneskapsskikk etter kommunerekneskapsreglane. Denne oppstillinga av korleis pensjonskostnadene skal førast i rekneskapen, blir kalla GKRS.

Formålet med paragrafen er å standardisere berekninga av pensjonskostnaden som blir rekneskapsførd, og synleggjere eventuelle pensjonsforpliktelsar i balansen.

Rekneskapsføring av pensjonsforpliktelsar er i utgangspunktet ansvaret til kommunen eller fylkeskommunen. Revisor rettleier dei i rekneskapsføringa.

Staten pensjonskasse sitt ansvar er å gjennomføre berekningar baserte på dei dataa kommunen eller fylkeskommunen har rapportert, og føresetnader som er gitt av Kommunalt- og regionaldepartementet. Vi leverer berekningar til alle kommunar og fylkeskommunar to gonger i året: ein førebels i september og ein endeleg i januar.

Her finn du forskrift om årsregnskap og årsberetning.