Sist oppdatert: 07.06.2017
Storleiken på gruppelivsordninga
Dei etterlatne etter deg vil få eit eingongsbeløp som vert fastsett i forhold til grunnbeløpet i folketrygda.
Beløpet vert betalt ut etter desse satsane:
- Ektefellen eller sambuaren din får 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda Grunnbeløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 93 634 kroner per 01.05.2017. Mer om Grunnbeløp (G).
- Kvart barn under 25 år får 4 G.
- Dersom du ikkje har ektefelle eller sambuar, får kvart barn under 25 år 5 G.
- Dersom du ikkje har ektefelle, sambuar eller barn, men det er andre som for ein vesentleg del vart forsørgde av deg, får dei til saman 4 G.
- Dersom det ikkje finst etterlatne som har krav på utbetaling, får dødsbuet 3 G.
Som sambuarar etter Hovudtariffavtalen blir rekna:
- To personar som har levt saman i ekteskapsliknande forhold dersom det i folkeregisteret går fram at dei har hatt same bustad dei siste to åra.
- To personar med felles barn og felles bustad.
For personar som tenestegjer i internasjonale operasjonar, er kravet til sambuarskap redusert til ni månader.
Dersom ein arbeidstakar døyr som følgje av yrkesskade kan dei etterlatne ha rett til tilleggserstatning etter Hovudtariffavtalen.