Storleiken på gruppelivs­forsikringa

Dei etterlatne etter deg vil få eit eingongsbeløp som vert fastsett i forhold til grunnbeløpet i folketrygda.

Beløpet vert betalt ut etter desse satsane:

  • Ektefellen eller sambuaren din får 10 gonger grunnbeløpet i folketrygda Grunn­beløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 92 576 kroner per 01.05.2016. Mer om Grunn­beløp  (G).
  • Kvart barn under 25 år får 4 G.
  • Dersom du ikkje har ektefelle eller sambuar, får kvart barn under 25 år 5 G.
  • Dersom du ikkje har ektefelle, sambuar eller barn, men det er andre som for ein vesentleg del vart forsørgde av deg, får dei til saman 4 G.
  • Dersom det ikkje finst etterlatne som har krav på utbetaling, får dødsbuet 3 G.

Som sambuarar etter Hovudtariffavtalen blir rekna:

  • To personar som har levt saman i ekteskapsliknande forhold dersom det i folkeregisteret går fram at dei har hatt same bustad dei siste to åra.
  • To personar med felles barn og felles bustad.

For personar som tenestegjer i internasjonale operasjonar, er kravet til sambuarskap redusert til ni månader.

Dersom ein arbeidstakar døyr som følgje av yrkesskade kan dei etterlatne ha rett til tilleggserstatning etter Hovudtariffavtalen.