Når gjeld ordninga?

Gruppelivsordninga gjeld 24 timar i døgnet og uavhengig av dødsårsak. Du er inkludert i gruppelivsordninga så lenge du får løn frå stillinga di.

Ordninga gjeld òg

  • under omsorgspermisjon som er gitt etter reglane i Hovudtariffavtalen
  • når du er sjukmeldt med løn
  • dei første to åra etter at du er vorten uførepensjonert
  • etterlatne etter arbeidstakar som døyr innan eitt år etter at han/ho har byrja i permisjon - og som ikkje har hatt ordinært løna arbeid i permisjonstida. Då blir eingongssumen utbetalt etter vanlege reglar.