Kven vert beløpet utbetalt til?

Eingongsbeløpet på 10 ganger grunnbeløpet i folketrygda blir utbetalt til etterlatne ektefelle eller sambuar.

 Som sambuar meiner vi i denne samanheng

  • person som avdøde har levd saman med i ekteskapsliknande forhold viss det i folkeregisteret framgår at dei har hatt same bustad dei siste to åra.
  • person som hadde felles barn og felles bustad med avdøde

Opplysning om eventuell sambuar er ikkje registrert sentralt. Vi er her avhengig av at gjenlevende sambuar eller andre melder frå.

Barn som ikkje har fylt 25 år får utbetalt 4 gonger grunnbeløpet i folketrygda Grunn­beløp Grunnbeløpet i folketrygda, som vi ofte kallar G, blir justert ein gong i året og er 93 634 kroner per 01.05.2017. Mer om Grunn­beløp  (G). Om det ikkje er etterlaten ektefelle eller sambuar blir det utbetalt 1 G i tillegg til kvart barn. For personar under 18 år vert beløpet administrert av overformynderiet.

Viss det ikkje er ektefelle eller barn, har andre som vart vesentleg forsørga rett til 4 G tilsammen.

Viss det ikkje finst etterlatne som nemnt, vert det utbetalt 3G til dødsbuet.