Er eg med i gruppelivsordninga?
Ordninga gjeld derfor stort sett alle statstilsette som er omfatta av Hovudtariffavtalen. Dette inkluderer òg dei som har
- deltidsstilling
- mellombels stilling - engasjement og vikariat
- venteløn
Dersom du har 100 prosent uførepensjon frå Statens pensjonskasse, er du omfatta av gruppelivsordninga dei to første åra du mottek pensjon.
Også enkelte andre statlige bedrifter har gruppelivsordning hos oss. Spør din arbeidsgiver dersom du er i tvil.
Lærarar i offentleg grunnskule eller vidaregåande skule er ikkje omfatta
Er du lærar i offentleg grunnskule eller vidaregåande skule, er du ikkje omfatta av gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse, sjølv om du er medlem hos oss. Lærarane har likevel ei gruppelivsordning gjennom tariffavtalen sin, og du må vende deg til arbeidsgjevaren din for å få vite kva for forsikringsselskap han har avtale med. Lærarar ved universitet og høgskolar er omfatta av gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse.
Lærlinger og lærekandidatar
Lærlinger er omfatta av yrkesskadeforsikringa og gruppelivsordninga. Sjå Statens personellhåndbok pkt. 9.10.
Sikrar familien din
Målet med gruppelivsordninga er å sikre dei etterlatne etter deg økonomisk dersom du døyr. Dette er altså ei ordning som sikrar familien din gjennom arbeidsforholdet ditt.