Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

Er eg med i gruppelivsordninga?

Gruppelivsordninga er ikkje ein del av medlemsrettane i Statens pensjonskasse, men ein del av lønsvilkåra for dei arbeidstakarane som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten.

Ordninga gjeld derfor stort sett alle statstilsette som er omfatta av Hovudtariffavtalen. Dette inkluderer òg dei som har

  • deltidsstilling
  • mellombels stilling - engasjement og vikariat
  • venteløn

Dersom du har 100 prosent uførepensjon frå SPK, er du omfatta av gruppelivsordninga dei to første åra du mottek pensjon.

Lærarar ikkje omfatta

Er du lærar i offentleg grunnskule eller vidaregåande skule, er du ikkje forsikra gjennom gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse, sjølv om du er medlem hos oss. Lærarane har likevel ei gruppelivsordning gjennom tariffavtalen sin, og du må vende deg til arbeidsgjevaren din for å få vite kva for forsikringsselskap de har avtale med.

Sikrar familien din

Målet med gruppelivsordninga er å sikre dei etterlatne etter deg økonomisk dersom du døyr. Dette er altså ei forsikring som sikrar familien din gjennom arbeidsforholdet ditt.

Kontakt oss

Ta gjerne kontakt med oss på telefon

02775

eller bruk vårt kontaktskjema. Du kan også logge inn på Min side.



Sist oppdatert: 11.12.2013