Eksempel på kva du kan få frå gruppelivsordninga

Gruppelivsordninga sikrar barna dine og ektefellen din økonomisk kompensasjon om du skulle falle frå. Har du gruppelivsordning hos Statens pensjonskasse vil ektefelle eller samboer få utbetalt eit eingongsbeløp på 10 G om du døyr.

G står for folketrygdens grunnbeløp, og pr. 1. mai 2016 var 1 G 92 576 kroner. Eingongsutbetalinga til partneren din blir altså på 925 760 kroner.

Har du barn under 25 år, får kvart av desse barna i tillegg betalt ut eit eingongsbeløp på 4 G, det vil seie 370 304 kroner pr. 1. mai 2016.

Som sambuarar etter Hovudtariffavtalen blir rekna:

  • To personar som har levt saman i ekteskapsliknande forhold dersom det i folkeregisteret går fram at dei har hatt same bustad dei siste to åra.
  • To personar med felles barn og felles bustad.