No har Arbeids- og inkluderingsdepartementet komme med eit forslag til lovendringar for offentleg tenestepensjon. Det gjer at vi kan seie noko om verknadene av pensjonsreforma for deg som er fødd mellom 1943 og 1953.
Det blir stadig fleire eldre og færre yngre i Noreg. Dermed blir det også færre personar som kan vere med på å finansiere pensjonane i folketrygda gjennom å betale skatt. For at reknestykket skal gå opp, må ein endre pensjonsreglane. Regelendringane inneber at du vil få noko lågare pensjon. Det kan du kompensere for ved å jobbe litt lenger.
Statens pensjonskasse har rekna ut at den totale pensjonen for medlemmer fødde i 1953, blir redusert med rundt fem prosent. Dette skuldast levealdersjusteringa og den nye reguleringa som blir innført. Du er likevel garantert 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ditt dersom du har 30 års opptening i ei offentleg tenestepensjonsordning når du går av med pensjon som 67-åring. Forklaringa er at det blir gitt ein individuell garanti til medlemmer som 1. januar i 2011 har att 15 år eller mindre til dei fyller 67 år.
Figur 1: Denne figuren viser endring i pensjon for 1953-kullet på grunn av pensjonsreforma. Eksempelet er rekna ut for et utval medlemmer i full stilling med meir enn 40 års opptening i folketrygda.
Meir om levealdersjustering og ny regulering i ordlista.
Slik verkar garantien
Den individuelle garantien er lik den garantien på 66 prosent av pensjonsgrunnlaget Statens p ensjonskasse gir i dag, og gjeld altså sjølv om levealdersjustering og ny regulering blir innførte. Har du full opptening og får lågare pensjon enn dette når pensjonen blir rekna ut etter nye reglar, blir pensjonen auka til 66 prosent.
Slik regelverket er i dag, få mange personar over 70 prosent av pensjonsgrunnlaget i pensjon. Er du blant desse, vil ein reduksjon på rundt 5 prosentpoeng gi deg ein pensjon på linje med den garantien Statens pensjonskasse gir i dag. Ønskjer du å auke pensjonen din frå folketrygda og ikkje har full opptening hos oss, gir pensjonsreforma høve til å kombinere jobb og pensjon på fleire måtar.
Statens p ensjonskasse har rekna på verdien av den nye tenestepensjonen. Sjølv om pensjonsreforma gir lågare pensjon, er framleis tenestepensjonsordninga frå Statens pensjonskasse ei av dei beste på marknaden. God alderspensjon, ei svært konkurransedyktig uføredekning og den beste bustadlånordninga på marknaden er nokre eksempel på dette.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 11.02.2010
Get Flash to see this player.