Uførepensjon frå Statens pensjonskasse kan innvilgast viss du må redusere stillingen din på grunn av sjukdom eller skade. Vi kan innvilge fast eller førebels pensjon.
Graden på uførepensjonen blir vedteke utfrå kor arbeidsufør du til einkvar tid er. I fall helsetilstanden blir betre, skal pensjonsutbetalingen endrast i samsvar med den nye uføregraden.
Du må som uførepensjonist sjølv syte for å gje oss melding om endringar i helsetilstand, stillingen sin storleik og arbeidsinntekt.
Du må også varsle oss om pensjonsutbetalingen ikkje blir endra i samsvar med dei nye opplysningane. Det er ikkje tilstrekkeleg å gje melding berre til trygdekontoret. Om det blir utbetalt for mykje pensjon fordi du ikkje har halde opplysningsplikta di, vil vi krevje at du betalar attende for mykje utbetalt pensjon.
Vi kan yta uførepensjon i ulike situasjonar:
Normalt kjem uførepensjon herfrå til utbetaling etter at du har vore sjukemeldt eit år. Det vil seia når sjukepengane frå folketrygda stansar. Sjukepengar erstattar løn. Vi kan ikkje utbetale uførepensjon samstundes som du mottek sjukepengar.
Du kan ha rett til uførepensjon også om du på grunn av sjukdom eller skade får redusert arbeidsinntekta di ved å gå over til ein lågare løna stilling. Uførepensjonen vil då langt på veg kompensera for inntektsbortfall. På den måten har du moglegheit til å fortsetje i full jobb, men ha eit arbeids- og ansvarsområde som er betre tilpassa din helsemessige situasjon.
Aldersslitasje gjev ikkje rett til uførepensjon frå folketrygda.
I fall uførheiten skuldast ein yrkesskade gjeld særlege reglar. Desse reglane tek sikte på å kompensera for manglande moglegheiter for fortsatt opptening av pensjonsrettar. Ved yrkesskade blir den pensjonsgjevande oppteningstida alltid rekna etter full oppteningstid, dvs. 30 år. Arbeidsgjevar har særlege plikter i fall ein er blitt ufør på grunn av ein yrkesskade. Det kan du lese meir om på sidene om yrkesskadeforsikring.
Begrensing i retten til uførepensjonArbeidsufør gjev ikkje alltid rett til uførepensjon frå Statens pensjonskasse. Blir ein ufør innan to år etter innmelding og som skuldast sjukdom eller liding som arbeidstakaren hadde på innmeldingstidspunktet (men som enno ikkje hadde ført til arbeidsuførleik), gjev ikkje rett til uførepensjon viss arbeidstakaren må gå ut frå å ha kjent til sjukdomen/ lidinga på innmeldingstidspunktet.
Dette gjeld sjølv om arbeidstakaren ikkje kjente til kva sjukdom det seinare viste seg å vera, eller at det var sannsynleg at lidinga kunne utvikla seg til arbeidsuførleik. Viss særlege grunnar taler for det, kan styret i Statens pensjonskasse likevel innvilge pensjon i slike tilfeller.
Tilsvarande begrensingsregel gjeld også i fall du under dei siste to åra har gått opp i stillingsstorleik.
Ytingar frå NAVOm du blir innvilga uførepensjon frå Statens pensjonskasse etter ein uføregrad på 50 % eller meir, pålegg vi deg å søkje om tilsvarande ytingar frå NAV.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 19.01.2010
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Yrkesskadeforsikring
Folketrygdens grunnbeløp
Skjema og brosjyrer