Hopp til innhold

Tilrettelegging

Det er mykje som kan gjerast for å tilrettelegge arbeidsplassen din om du har fått nedsatt arbeidsevne.

Vi vil difor gjere deg merksam på at arbeidsgjevar har eit ansvar for å leggje tilhøva til rette for at du kan fortsetja heilt eller delvis i stilling.

Arbeidsgjevar sine plikter
Arbeidsgjevar har eit hovedansvar for å leggje tilhøva til rette for arbeidstakarar som har problemer med arbeidet på grunn av sjukdom eller skade.

Arbeidsmiljølova sin § 13 nr. 2: «Hvis en arbeidstaker har fått redusert sin arbeidsevne som følge av ulykke, sykdom, slitasje e.l., skal arbeidsgiveren, så langt det er muleg, iverksetja dei nødvendige tiltaka for at arbeidstakeren skal kunne få eller beholde et passende arbeid. Arbeidstakeren skal fortrinnsvis gis anledning til å fortsette i sitt vanlige arbeid, eventuelt etter særskilt tilrettelegging av arbeidet eller arbeidstida, endringer i arbeidsutstyr, gjennomgått attføring e.l.»

Om du på grunn av sjukdom eller skade ikkje lenger kan gjere det arbeidet du har, kan det vera aktuelt med tilrettelegging eller tiltak på arbeidsplassen. Tiltaka bør setjast i verk så tidleg som mogleg i sjukeløns-/ sjukepengeperioden.

Iverksetjinga skal skje i samråd med NAV. Du har fortsatt rett til sjukeløn/sjukepengar.

NAV kan yte bistand
NAV kan yte økonomisk stønad om det er behov for hjelpemidlar eller ombygging på arbeidsplassen.

Om du har behov for meir omfattande eller langvarig attføringstiltak, vurderar NAV om du fyller vilkåra for attføring.

Under sjukemeldingsperioden kan NAV krevje at arbeidsgjevar gjer rede for moglegheiten for tilrettelegging eller attføring på arbeidsplassen.

Meir informasjon?
Vi anbefaler følgjande brosjyrer:

  • En orientering til deg som er syk.
  • Sykepenger for arbeidstakere.

Båe brosjyrane kan du få frå ditt lokale NAV-kontor. Du kan også finne informasjon på heimesida til NAV.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 08.10.2007

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Nyttige lenker

Abonnér på nyheter