Hopp til innhold

Skatt og pensjon

Når vi tek i betraktning dei gunstige skattereglane som gjeld for pensjonistar, blir ikkje skilnaden mellom lønsinntekt og pensjon så stor som du kanskje forventa.

Berekningar som er utført, viser at pensjonistar med full pensjon frå Statens Pensjonskasse og folketrygda i gjennomsnitt får utbetalt 80-85 prosent av tidlegare nettoløn (løn etter skatt) i pensjon.

Ektepar der den eine har vore heimearbeidande og den andre har oppnådd full opptening i Statens Pensjonskasse, vil i nokon tilfeller kunne få ei høgare disponibel inntekt som pensjonistar enn då den eine var yrkesaktiv.

I det følgjande går vi kort igjennom nokon av dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar.

Særfrådrag
Dei som mottek uførepensjon vil ofte ha rett til særfrådrag for uførepensjon i alminneleg inntekt.

For å få rett til fullt særfrådrag må arbeidsevna vera redusert med minst to tredjedelar. Det er òg eit krav at uførleiken er varig. Er arbeidsevna nedsatt med mindre enn to tredjedelar, kan du få eit halvt særfrådrag. Dette gjeld sjølv om du ikkje mottek uførepensjon frå folketrygda, men uførepensjon frå Statens Pensjonskasse åleine. Ved særfrådrag på gunn av uførepensjon frå Statens Pensjonskasse er det eit krav at uførleiken er varig.

Det er det lokale likningskontoret som tek den konkrete avgjerda i samband med handsaminga av sjølvmelding.

Skattebegrensingsregel
Uførepensjonistar som har rett til fullt særfrådrag er omfatta av denne regelen. Då skal det ikkje betalast skatt når alminneleg inntekt før særfrådrag, pluss 1,5 prosent av formue over kr 200 000, er lågare enn kr 99 600 for einslege og kr 163 300 for ektepar (inntektsåret 2007).

Om alminneleg inntekt er høgare enn dette, skal skatten på alminneleg inntekt før særfrådrag og trygdeavgift ikkje vera høgare enn 55 prosent av inntekta som ligg over inntektsgrensane. Som inntekt reknast også 1,5 prosent av den delen av formuen som er over kr 200 000.

Pensjonistar som får slik skattebegrensing, skal likevel betale eventuell toppskatt og formuesskatt. Likningskontoret utfører skattebegrensingen automatisk ved likninga.

Lågare trygdeavgift
Pensjonistar betaler lågare trygdeavgift til folketrygda enn lønsmottakarar. Satsen utgjer tre prosent for 2007. Til samanlikning er trygdeavgifta for lønsinntekt på 7,8 prosent.

Skattekort leverast trygdekontoret
Det blir trekt skatt av dei månadlege pensjonsutbetalingane, unnateke i desember som er trekkfri månad. Det blir også trekt skatt av eventuelt etterbetalingsbeløp, også sjølv om utbetalinga skjer i desember.

Ved pensjonering må du spørje likningskontoret for å få skattekortet tilpassa dei nye inntektstilhøva etter pensjonering. Dette er særleg viktig om du har prosentkort.

Skattekortet skal leverast eller sendast til ditt lokale trygdekontor, ikkje til Statens Pensjonskasse. Blir ikkje skattekortet levert trygdekontoret i tide, er trygdekontoret pålagt å ta forskuddstrekk i pensjonsutbetalingen med 30 prosent.

Det er trygdekontoret som gjev oppgåve til skattemyndigheitane, med kopi til deg, om den samla pensjonsinntekta i året og om storleiken på dei forskuddstrekka som er utført.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 09.10.2007

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Nyttige lenker

Skatteetaten