Pensjon frå oss er ein tenestepensjon som kjem i tillegg til annan pensjon. Tenestepensjonar skal samordnast med ytingar frå NAV.
Samordning tyder at vi reduserar pensjonen frå oss i forhold til det som utbetalast frå NAV.
Utbetalt pensjon etter samordningOm du har full oppteningstid, 30 år, vil du etter samordning få ein samla pensjon frå NAV og Statens pensjonskasse som utgjer minst 66 prosent av pensjonsgrunnlaget ved overgong til uførepensjon.
Samordningsreglane slår ofte ut slik at pensjonisten samla sett får noko meir enn garanterte 66 prosent. Samordninga skjer slik at folketrygda sine ytingar vert utbetalt fullt ut, medan pensjonen frå Statens pensjonskasse blir redusert med eit samordningsfrådrag.
Uførepensjon frå NAV
Uførepensjon frå NAV er samansett av:
Grunnpensjonen er uavhengig av inntekt. Tilleggspensjonen blir bestemt av inntekt og antall år i yrkeslivet, inkludert åra fram til NAVs pensjonsalder (67 år). Særtillegg blir gjeve til dei som har liten eller ingen tilleggspensjon.
Samordning av pensjonenSamordning skjer slik at NAV sine ytingar blir utbetalt fullt ut, medan pensjonen frå Statens pensjonskasse blir redusert med samordningsfrådrag. Det blir gjort frådrag for grunnpensjon, tilleggspensjon og eventuelt særtillegg.
Alle ytingar frå NAV skal samordnast med pensjonen frå Statens pensjonskasse. Ein del andre pensjons- og trygdeytingar som til dømes krigspensjon, yrkesskadetrygd og pensjon frå Pensjonstrygda for sjømenn blir samordna også med pensjon frå Statens pensjonskasse.
Samordningsfrådrag for grunnpensjonPensjonen frå Statens Pensjonskasse blir redusert med eit samordningsfrådrag på inntil tre fjerdedelar av fullt grunnbeløp.
Om du har mindre enn 30 års pensjonsgjevande oppteningstid i Statens pensjonskasse, blir samordningsfrådraget tilsvarande redusert. Har du hatt deltidsstilling blir frådraget redusert i høve til den gjennomsnittlege storleiken på stillingen. Om du tek ut delvis pensjon, blir samordningsfrådraget redusert i høve til pensjonsgraden.
Samordningsfrådrag for tilleggspensjonPensjonen frå Statens pensjonskasse blir i utgangspunktet redusert med ein sum som svarar til den tilleggspensjonen du har rett til frå NAV.
Vi gjev likevel ikkje frådrag for tilleggspensjon som er berekna av inntekt som ikkje har vore pensjonsgjevande hos oss. Vi reknar difor vår eigen tilleggspensjon ut i frå pensjonsgrunnlaget ditt, og bruker den i samordninga viss det gjev eit lågare frådrag enn NAV sin tilleggspensjon.
Viss du ikkje har full pensjonsgjevande oppteningstid, 30 år, blir samordningsfrådraget redusert tilsvarande. Det tyder at om oppteningstida di er 15 år, vil vi redusera pensjonen frå Statens pensjonskasse med 15/30 av tilleggspensjonen. Om du tek ut delvis pensjon blir samordningsfrådraget redusert i høve til pensjonsgraden.
Samordningsfrådrag for særtilleggOm du har krav på særtillegg frå NAV, blir dette trekt i sin heilskap frå pensjonen frå Statens pensjonskasse. Er oppteningstida din hos oss kortare enn 30 år, vil frådraget reduserast tilsvarande. Går du av med delvis pensjon blir samordningsfrådraget redusert i høve til pensjonsgraden.
Pålegg om å søkje ytingar frå NAVOm du har rett til uførepensjon frå Statens pensjonskasse med ein uføregrad på 50 prosent eller meir, vil du som regel også ha rett til uførepensjon, tidsbegrensa uførestønad, attføring eller rehabiliteringspengar frå NAV.
Vi pålegg difor uførepensjonistar å søkje om ein av desse ytingane frå NAV om det ikkje allereie er gjort. Slike ytingar frå NAV skal bli samordna med pensjon frå Statens pensjonskasse.
Som uførepensjonist i Statens pensjonskasse er du frå fylte 67 år pliktig til å ta ut alderspensjon frå NAV.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 19.01.2010
Mitt medlemskap
Full stilling
Redusert stilling
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Folketrygdens grunnbeløp
Skjema og brosjyrer
Lov om samordning av pensjons- og trygdeytelser
Lov om Statens Pensjonskasse
Lov om folketrygd
NAVs nettsider