Eit kvart tilsetjingsforhold kan ha meining for uførepensjonen. Dette gjeld også arbeidsforhold under minstegrensa for rett til medlemskap. Einkvar endring i inntekt eller helsetilstand må du melde frå om til oss.
Arbeidstakarar som mottek alders- eller uførepensjon frå Statens Pensjonskasse er medlemar også når arbeidstida er kortare enn 14 arbeidstimar pr. veke eller 60 arbeidstimar per månad (35 prosent stilling for lærarar).
Det er ulike regler for inntekt i tillegg til uførepensjon. Kva reglar som gjeld, er avhengig om du har heil eller delvis pensjon, og om inntekta er fast eller tilfeldig.
Ved heil uførepensjon vil inntekt frå eit ordinært tilsetjingsforhold føre til ein korrigering av uføregraden og dermed også storleiken på uførepensjonen. Dette gjeld uansett om arbeidstilhøva er av kortare eller lengre varighet, eller om inntekta er stor eller liten.
Friinntekta i Statens Pensjonskasse er begrensa oppad til ein sum som tilsvarar folketrygda sitt grunnbeløp - G. Friinntektsgrensen er likevel lågare ved delvis uførepensjon under 50 prosent.
Unntak
Friintekta kan likevel bli tent opp uavhengig av tidsrom innan same år. Vi set med andre ord ikkje som krav at oppteningen skal skje jevnt over heile året. Ver merksam på at du som uførepensjonist ikkje direkte mistar sjølve retten til uførepensjon, viss utbetalinga stoppar heilt eller delvis fordi friinntektsgrensa blir overskride. Retten står ved lag i inntil tre år, likevel begrensa til den perioden pensjonen er innvilga for.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 09.10.2007
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Skjema og brosjyrer