Hopp til innhold

Nyttig å vite

Her har vi samla ein del informasjon som kan vera nyttig for deg som mottar uførepensjon.

Ankemoglegheiter
Vi vil gjere vårt beste for at du skal få ein riktig berekna pensjon som er i tråd med regelverket. Om du likevel meiner at vi har gjort feil i sakshandsaminga, kan du anke saken til Trygderetten. Trygderetten er ein statleg ankeinstans som er oppretta spesielt for å handsame tvistar i pensjons- og trygdesaker.

Fristen for å anke er seks veker frå det tidspunktet meldinga om avgjerda vår er komen fram til deg. Ein eventuell anke sender du til oss. Med bakgrunn i anken vil vi vurdere saka på ny før vi vidaresender ho til Trygderetten for handsaming.

Trygderetten held seg til å prøve om vedtaket vårt er riktig i høve til gjeldande lovvedtak. Trygderetten vurderar på den andre sida ikkje om sjølve lovreglane er rimelege.

Om du klagar, er det viktig at du gjev ein så presis grunngjeving som mogleg for at  du meiner saka di har blitt feil handsama. Vi og Trygderetten treng eit best mogleg grunnlag for å vurdera klaga di.

Avtalar om overføring av pensjonsrettar
Statens Pensjonskasse har inngått avtaler om overføring av pensjonsrettar med dei fleste kommunale-/fylkeskommunale tenestepensjonsordningane. På grunn av desse avtalane taper du normalt ikkje noko pensjonsmessig på å skifte arbeidsgjevar innanfor offentleg sektor.

Alle pensjonskassane som er med i avtalesystemet, har pensjonsreglar som stort sett gjev same pensjonsrettar som i Statens Pensjonskasse. Pensjonen vil bereknast etter samla medlemstid i dei ulike pensjonsordningane og ut frå det pensjonsgrunnlaget som bereknast når du går av med pensjon.

Om du har vore medlem i andre pensjonskassar tidlegare, må du gi oss melding om dette i samband med pensjonering. Vi vil då ta kontakt med desse og innhente opplysningar om oppteningstida di. På den måten vil du få samla pensjonen din berekna og utbetalt frå oss.

Om du har vore tilsett i privat verksemd med pensjonsordning i forsikringsselskap, vil pensjonen derifrå bereknast og utbetalast for seg.

Honnørrabatt for uførepensjonistar
Om du mottek uførepensjon frå folketrygda, vil du ha krav på 50 prosent rabatt på dei fleste kollektive framkomstmiddel innanlands. Ektefella di som reisar saman med deg, har normalt også rett til honnørrabatt sjølv om ho/han ikkje er pensjonist.
Det gjeld nokre begrensingar på transportformer som ikkje har statsstøtte, og nokre bussruter i rushtida. Vedtaka kan også variera noko frå selskap til selskap. Honnørrabatt blir normalt ikkje gjeve på klippekort, månadskort eller andre rabatterte billettformer.

Pensjonistar kan også i mange tilfeller få moderasjon på til dømes teater, musear og symjehallar, men reglane for kven som skal få modererte billettar er lokalt bestemt av dei som eig staden.

Om du mottek uførepensjon berre frå Statens Pensjonskasse, har du normalt ikkje rett på honnørrabatt.

For personer over 67 år er det tilstrekkeleg å vise fram gyldig legitimasjon. Uføretrygda under 67 år må også ha tilleggslegitimasjon utsteda av trygdekontoret.

Meir informasjon
Hjå trygdekontoret kan du mellom anna få desse brosjyrane:

  • Verdt å vite om pensjonar og pensjonspoeng
  • Uførepensjon
  • Framtidsjobb med yrkesretta attføring (Arbeidsdirektoratet)
  • Yrkesskadeforsikring (Justisdepartementet)

Trygdekontoret kan også svare på spørsmål og gje nærmare rettleiing.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 09.10.2007

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Nyttige lenker

Abonnér på nyheter