Du treng ikkje vera 100 prosent ufør for å få uførepensjon frå Statens pensjonskasse. Vi har ingen nedre grense for kor mykje arbeidsevna må vera redusert.
I folketrygda blir det krevd at uføregraden minst må vera 50 prosent. Likelydande krav gjeld ikkje i Statens pensjonskasse. Det kan innvilgast uførepensjon også ved lågare uføregrad enn 50 prosent.
UføregradI fall du som følgje av sjukdom eller skade er heilt ute av stand til å fortsetje i din ordinære stilling, og du heller ikkje er i stand til å skaffe deg inntekter ved anna passande arbeid, vil uføregraden setjast til 100 %.
I fall du har behalde ein del av arbeidsevna, slik at du delvis kan fortsetje i stillingen, eller er i stand til å skaffe deg inntekter ved anna arbeid, vil uføregraden setjast fast i høve til den reduksjon av inntekta som sjukdomen eller skaden har ført med seg. Kan du til dømes fortsetje i 60 prosent av den stillinga du hadde frå før, vil uføregraden setjast til 40 prosent.
I fall du arbeider deltid på uføretidspunktet, vil dette få vekt for storleiken på uføregraden.
Uføregrad i folketrygda og Statens pensjonskasseOm uførepensjon, attføring eller rehabiliteringspengar blir utbetalt frå folketrygda, utbetalar Statens pensjonskasse som hovedregel uførepensjon etter same uføregrad.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 19.01.2010
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Skjema og brosjyrer
Arbeidsmiljøloven
NAVs nettsider