Hopp til innhold

Nettoutrekna oppsett pensjon

Medlemmer i Statens pensjonskasse som sluttar etter mindre enn tre års medlemskap i Statens pensjonskasse eller anna pensjonsordning omfatta av overføringsavtalen, har ikkje rett til pensjon frå oss, med mindre dei byrjar i ei stilling som gjev rett til medlemskap att. Deira attlevande har dermed heller ikkje rett til attlevandepensjon frå oss.

Den attlevande ektefellen etter ein arbeidstakar som har vore medlem i tre år eller meir, og deretter sluttar i ei stilling med medlemsrettar, vil ha rett til oppsett ektefellepensjon.

Full årleg netto oppsett ektefellepensjon utgjer ni prosent av det pensjonsgrunnlaget den avlidne medlemmen hadde. Ved utrekninga av ein oppsett attlevandepensjon gjeld likevel særlege reglar for kva som blir rekna for full pensjonsgjevande tenestetid. Full pensjonsgjevande tenestetid ved ordinær attlevandepensjon er 30 år. Ved ein oppsett pensjon vil full tenestetid kunne variere mellom 30 og 40 år.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 20.09.2006

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Les også

Nettoberegnet pensjon

 

Nyttige lenker

Abonnér på nyheter