Med verknad frå 1. januar 2001 blei det innført heilt nye reglar for utrekning av attlevandepensjon, ved at den tidlegare bruttoordninga delvis blei bytt ut med ei nettoordning for attlevandepensjon. Dette inneber ein heilt ny og meir føreseieleg måte å rekne ut attlevandepensjonar på. Mellom anna skal attlevandepensjonar for dei som er omfatta av dei nye reglane, i motsetnad til etter dei gamle, verken samordnast med pensjon frå folketrygda eller inntektsprøvast. Det blir difor lettare å seie noko om storleiken på pensjonen på førehand enn etter dei gamle reglane.
Når det gjeld ektefellepensjon etter medlemmer som døyde før 1. januar 2001, er det alltid bruttoreglane som gjeld. Når det gjeld ektefellepensjon i samband med dødsfall etter 31. desember 2000, blir pensjonen rekna ut etter dei nye nettoreglane eller dei gamle bruttoreglane, alt ut ifrå ein del ulike faktorar som du les om under.
For barnepensjon gjeld dei nye reglane alle dødsfall som skjer etter 31. desember 2000, utan overgangsreglar.
For at du skal vite kva pensjon dine attlevande vil ha rett til, er det viktig at du veit om dine attlevande vil få pensjonen sin rekna ut etter bruttoreglane eller nettoreglane.
Nettoutrekna ektefellepensjonNettoreglane for ektefellepensjon gjeld:
Dei som ikkje er omfatta av nye reglar om nettoutrekna attlevandepensjon, får ektefellepensjonen bruttoutrekna. Dette gjeld:
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 21.01.2007
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Skjema og brosjyrer