Hopp til innhold

Korleis søkje

Kva må den attlevande gjere?
Medlemmer i Statens pensjonskasse er registrerte i medlemsregistret vårt. Når ein medlem døyr, får vi melding om dette frå arbeidsgjevaren eller trygdekontoret. Vi undersøkjer då automatisk om avlidne har attlevande som har rett til ektefelle- eller barnepensjon. Dei attlevande treng difor vanlegvis ikkje å gjere noko andsynes oss for å få utbetalt pensjonen sin.

Unntak frå dette er attlevande etter medlemmer som då dei døydde, ikkje lenger var tilsette i ei stilling med medlemsrettar, og som heller ikkje tok imot pensjon frå oss ? oppsette medlemmer. Attlevande etter desse medlemmene må sjølve melde frå til oss dersom dei trur dei kan ha rett til attlevandepensjon frå Statens pensjonskasse.

Attlevande etter pensjonistar busette i utlandet må òg gje oss melding dersom dei trur dei har rett til pensjon frå oss.

Ein del arbeidstakarar som til dømes vegarbeidarar og arbeidarar ved militære verksemder (statsarbeidarar) er, eller har vore, lønte etter avtale. Den tenesta desse utførte før 1. januar 1982, er ikkje registrert hjå oss. Det vil seie at vi ikkje har nokon opplysningar om desse arbeidstakarane frå før 1982. Attlevande etter desse medlemmene må difor sende inn krav om pensjon på eit eige skjema som dei kan få hjå den tidlegare arbeidsgjevaren til den avlidne, dersom avlidne ikkje alt var gått av med pensjon.

For å få rett til ektefellepensjon frå oss må den attlevande òg søkje om attlevandepensjon frå folketrygda. Det er difor viktig at dei attlevande kontaktar trygdekontoret sitt så snart som råd etter dødsfallet.

Litt om sakshandsamingsprosessen
Når vi har fått melding om eit dødsfall og funne ut at det finst attlevande med rett til pensjon frå oss, sender vi vedkomande eit brev der vi orienterer om pensjonsretten.

Deretter hentar vi fram alle opplysningane vi har registrert om avlidne i medlemsdatabasen vår. Vi har melderutinar mellom oss og medlemsverksemdene som gjer at vi i medlemsdatabasen vår har alle naudsynte opplysningar om yrkeskarrieren til den avlidne frå han vart medlem hjå oss (endringar i lønn, stillingsstorleik osb.). I tillegg får vi stadfesta desse opplysningane via arbeidsgjevaren til den avlidne.

Når det gjeld ektefellepensjon etter bruttoreglane, hentar vi òg inn opplysningar om inntektstilhøva til den attlevande frå trygdekontoret, slik at vi kan få gjort den naudsynte inntektsprøvinga.

Vi hentar òg inn naudsynte opplysningar frå andre offentlege tenestepensjonsordningar som avlidne hadde vore medlem av, og frå folketrygda.

Når det gjeld ektefellepensjon etter bruttoreglane, gjer vi deretter den pålagde samordninga med ytingane til folketrygda før vi gjev trygdekontoret melding om å utbetale pensjonen.

Om lag ti dagar før den fyrste pensjonsutbetalinga får den attlevande eit utbetalingsbrev. Her går det mellom anna fram kva opplysningar vi har lagt til grunn for pensjonsutbetalinga. Sjølve utbetalinga skjer via trygdekontoret.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 06.11.2006

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Nyttige lenker

Abonnér på nyheter