Hopp til innhold

Nyttig å vite

Høve til å anke
Vi vil alltid gjere vårt beste for å gje ei korrekt sakshandsaming som er i samsvar med regelverket. Dersom du likevel meiner vi har gjort mistak i sakshandsaminga, har du sjølvsagt høve til å klage. Trygderetten er ein ankeinstans som særskilt er skipa for å handsame tvistar i pensjons- og trygdesaker.

Fristen for å anke er seks veker frå det tidspunktet meldinga om avgjerda vår er komen fram til deg. Anken skal sendast til oss. Vi vil så, med bakgrunn i anken, vurdere saka på nytt. Dersom vi ikkje tek anken til følgje, vil vi sende han vidare til Trygderetten for handsaming.

Trygderetten prøver om vedtaket er rett i høve til gjeldande lovføresegner. Trygderetten vurderer derimot ikkje kor rimelege sjølve lovføresegnene er.

Dersom du ankar, er det viktig at du i klagen gjev ei så presis grunngjeving som mogleg for at du meiner saka di er feil handsama, slik at vi og eventuelt Trygderetten får eit best mogleg grunnlag for å vurdere kor rettkomen anken din er.

Korleis blir pensjonen utbetalt?
Både ektefellepensjonar og barnepensjonar blir utbetalte av trygdekontoret på heimstaden til den/dei attlevande (om lag den 20. kvar månad), utan omsyn til om den/dei attlevande òg får pensjon frå folketrygda. Det er trygdekontoret som gjer skattetrekk på pensjonen òg. Trygdekontoret svarer på alle spørsmål om delen folketrygda har av pensjonen, om skattetrekket og om sjølve utbetalinga. Kundesenteret vårt svarer på spørsmål om den delen av pensjonen som kjem frå oss.

Attlevandepensjonen frå oss blir rekna frå og med den 1. i den månaden medlemmen døyr, medan folketrygda gjev pensjon frå månaden etter dødsfallet.

Utbetalingsgaranti og renter ved forseinking
Utbetalingsgarantien vår sikrar at det skal ta maksimalt tre månader frå vi har fått melding om dødsfallet, til pensjonen blir utbetalt.

Dersom vi ein sjeldsynt gong ser at vi ikkje kjem til å bli ferdige, vil vi ta kontakt med den/dei attlevande og orientere om dette, og samstundes tilby ei forskotsutbetaling dersom det er ønskjeleg.

Dersom det skulle skje at pensjonen blir meir enn to månader forseinka, vil den/dei attlevande få utbetalt renter for forseinkingsperioden.

Ekstra utbetaling når medlemmer døyr
Dersom den avlidne medlemmen fekk alders- eller uførepensjon då han døydde, vil pensjonen framleis bli utbetalt minst ut månaden etter dødsmånaden. Pensjonen denne månaden vil ikkje bli samordna med folketrygda.

Dersom medlemmen lèt etter seg ektefelle, vil pensjonen bli utbetalt endå ein månad, og det er den attlevande ektefellen som har rett til slik restpensjon, ikkje dødsbuet. Dette gjeld òg når avlidne var AFP-pensjonist mellom 65 og 67 år.

Dersom avlidne var i arbeid då han døydde, vil attlevande ektefelle få ei skattefri månadsutbetaling som svarer til den månadlege alderspensjonen avlidne ville hatt rett til dersom han hadde halde fram i stillinga til aldersgrensa. Dette gjeld òg når avlidne var AFP-pensjonist mellom 62 og 65 år.

Etterlatte etter yrkesaktive kan ha rett til gruppelivsforsikring frå Statens Pensjonskasse. Slik gruppelivsforsikring er normalt skattefri.

Attlevandepensjon og skatt
Attlevandepensjon frå Statens pensjonskasse er skattepliktig på lik line med anna inntekt. Skattetrekket for pensjonistar er likevel betre enn for vanlege lønnsmottakarar. Den attlevande må vende seg til likningskontoret for å få justert skattekortet sitt. Skattekortet blir deretter levert til trygdekontoret på heimstaden (ikkje til Statens pensjonskasse). Dersom skattekortet ikkje blir levert i tide, vil det automatisk bli trekt 30 prosent skatt av utbetalinga.

Desember er skattefri månad for alle pensjonistar. (Dette gjeld likevel ikkje eventuelle etterbetalingar som blir utbetalte i desember.)

Pensjonistar som får alders- eller uførepensjon frå folketrygda, har rett til visse frådrag i inntekta. Det blir dessutan betalt lågare trygdeavgift av pensjonsutbetalingar enn av lønn.

Pensjon i utlandet
Det er ingenting i vegen for å bu i utlandet og få attlevandepensjon frå oss. Det er likevel ein del praktiske forhold som må ordnast.

Ein pensjonist som skal flytte ut av Noreg, må hugse å gje opp den nye adressa si og banksambandet sitt til Statens pensjonskasse. Deretter vil vi syte for at pensjonen blir utbetalt via Folketrygdkontoret for utanlandssaker.

Dersom ein medlem sluttar i ei stilling og flyttar til utlandet før han/ho har rett til å få pensjonen sin utbetalt, må vedkomande melde frå om adressa si og kontonummeret sitt til oss, elles vil vi ikkje vite kvar vi skal sende pensjonen når han skal utbetalast. (Utanlandske adresser er ikkje registrerte i det norske folkeregisteret.) Vi syter for at pensjonen blir utbetalt via Folketrygdkontoret for utanlandssaker.

Utbetalingar av pensjon frå Statens pensjonskasse blir ikkje påverka av endra statsborgarskap.

 

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 20.09.2006

Verktøy

Pensjonskalkulator
(født 1943 - 1953)

Pensjonskalkulator
(født før 1943)

Nyttige lenker

Abonnér på nyheter