Dersom du tidlegare har arbeidd i stilling med medlemskap i Statens pensjonskasse, men slutta før du hadde rett til å ta ut pensjon, kan du likevel ha rett til oppsett alderspensjon frå oss.
Oppsett pensjon tyder at du kan få utbetalt alderspensjon frå oss ved fylte 67 år sjølv om du har slutta i stillingen med rett til medlemskap.
Vilkår
Du kan få utbetalt ein oppsett pensjon frå du fyller 65 år dersom du har aldersgrense 65 år eller lågare. Du kan ikkje få utbetalt oppsett pensjon tidlegare enn ved fylte 65 år sjølv om stillingens aldersgrense skulle vera lågare.
Omtrent tre månader før du fyller 67 år, eventuelt 65 år, vil du motta eit brev frå oss med spørsmål om når du vil ha igongsett den oppsette pensjonen din.
Storleiken på pensjonenStorleiken på den oppsette pensjonen blir berekna etter to ulike regelsett, avhengig av om du blei medlem av Statens pensjonskasse før eller etter 1. januar 1967.
Medlem før 1. januar 1967Blei du medlem i Statens pensjonskasse før 1. januar 1967, har du krav på alderspensjon etter antall medlemsår rekna i høve til 30-delar. Det vil seia etter same reglar som for ordinære alderspensjonar, kor vi går ut frå at du har opparbeidd deg ein pensjonsrett (tre års oppteningstid).
Medlem etter 1. januar 1967Er du blitt medlem etter 1. januar 1967, blir pensjonen berekna etter tilhøve mellom faktisk oppteningstid og den oppteningstida du kunne ha oppnådd ved å vera kunde fram til stillingens aldersgrense. Den moglege oppteningstida kan likevel ikkje setjast til kortare enn 30 år eller lengre enn 40 år.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 18.01.2010
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Skjema og brosjyrer