Du kan ha arbeidsinntekt sjølv om du går av med heil alderspensjon. Pensjonen vil då i mange tilfelle verte redusert.
Det er di plikt å gje oss beskjed om alle endringar i arbeidsinntekt. Det er ikkje tilstrekkeleg å gje beskjed berre til trygdekontoret.
Dersom du får for mykje pensjon utbetalt fordi du ikkje har retta deg etter denne opplysningsplikta, vil vi krevje pengane attendebetalt. Det same gjeld dersom du burde ha skjønt at pensjonen fortsatt blei utbetalt med for høgt beløp.
Folketrygda og Statens pensjonskasse har ulike reglar for korleis arbeidsinntekt påverkar pensjonen. Vil du vite meir om folketrygda sine reglar for pensjon og inntekt, sjå NAVs internetteneste.
Inntekt frå privat sektor Inntekt frå arbeid i privat sektor påverkar ikkje pensjonen frå oss. Med privat sektor meiner vi arbeidsgjevarar som ikkje har offentleg tenestepensjonsordning. Du kan arbeide så mykje du vil og fortsatt behalde full alderspensjon frå oss, sjølv om utbetalinga frå folketrygda blir redusert. Dersom du også mottek alderspensjon frå folketrygda, og denne er redusert på grunn av inntekt, vil vi redusera samordningsfrådraget vårt tilsvarande. Inntekt frå privat sektor vil difor også i ein slik samanhang ofte ha liten betydning for samla pensjon.
Det er unntak for deg som har oppsette pensjonsrettar. Inntekt frå både offentleg og privat verksemd påverkar pensjonen frå oss. Dersom du får pensjonsutbetalingen din frå folketrygda redusert på grunn av tilleggsinntekt, og samtidig mottek oppsett pensjon frå oss, vil pensjonen frå oss bli redusert med samme prosent, uavhengig av kor inntekta kjem frå. Dette gjeld likevel ikkje dei som har aldersgrense 60 eller 65 år.
Folketrygda sine reglar for arbeid i tillegg til pensjon har ikkje noko skilje mellom inntekt frå offentleg eller privat verksemd, men inntektsprøver på same måte for båe.
Inntekt frå offentleg sektor Om du har inntekt frå stilling med medlemskap i ein offentleg tenestepensjonsordning, blir pensjonen frå Statens pensjonskasse redusert. Dette gjeld uansett storleiken på inntekta. Pensjonen blir redusert etter høve mellom pensjonsgrunnlaget og inntekta:
Pensjonistløn Om du blir tilsett med pensjonistløn får du som alderspensjonist behalde pensjonen frå Statens pensjonskasse utan reduksjon, uavhengig av kor mykje du tener. Pensjonistløna utgjer per 1. januar 2008 kr 145 per time. Det er unntak for deg som har oppsette pensjonsrettar. Oppsett alderspensjon blir redusert ved pensjonistløn dersom du får pensjonsutbetalingen din frå folketrygda redusert. Pensjonen frå Statens pensjonskasse blir redusert med same prosent som pensjonen frå folketrygda.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 18.01.2010
Mitt medlemskap
Pensjonskalkulator(født 1943 - 1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Skjema og brosjyrer
NAVs nettsider