Når du betaler inn tusen kroner til oss, betaler arbeidsgivaren din heile fem eller seks tusen kroner til pensjonen din. Få andre pensjonsordningar kan garantere deg 66 prosent av sluttlønna di i samla alderspensjon ved full stilling og full opptening.
Som medlem hos oss vil du komme betre ut enn dei fleste andre når du pensjonerer deg. Mange tenestepensjonar er avhengige av kor mykje arbeidsgivaren din har betalt inn til pensjonsordninga. Ein pensjon frå oss blir rekna ut på grunnlag av kor mykje du tener når du sluttar.
Meir om alderspensjon
Med medlemskap hos oss er du uføreforsikra frå første dag. Vi kan gi deg uførepensjon uavhengig av om du er mellombels eller varig ufør. Uførepensjonen frå Statens pensjonskasse gir deg og familien din større økonomisk tryggleik enn om du berre skulle ha fått uførepensjon frå folketrygda.
Meir om uførepensjon
Ektefellen din, partnaren din eller barna dine kan ha rett til etterlatnepensjon dersom du døyr. Pensjonen skal dekkje noko av inntektstapet familien får. Det finst to typar etterlatnepensjon: ektefellepensjon og barnepensjon. Ektefellepensjon blir gitt til ektefellar og registrerte partnarar. Barnepensjon blir gitt til barn fram til dei fyller 20 år.
Meir om ektefellepensjon
Meir om barnepensjon
Ein privat arbeidsgivar må betale minst to prosent av lønna di i pensjon (innskottspensjonsordning). Dersom du tener 350 000 i året, utgjer denne pensjonsinnbetalinga ca. 5600 kroner per år. Er du medlem i Statens pensjonskasse, betaler arbeidsgivaren ca. 40 000 kroner til pensjonen din i året. På berre eitt år vil du spare nesten 35 000 kroner meir til pensjon hos oss enn hos ein privat arbeidsgivar.
Dessutan blir pensjonen du får utbetalt frå oss like stor så lenge du lever, mens pensjonen frå ei privat ordning ofte tek slutt når du fyller 77 år.
Utskriftsvennlig side
Sist oppdatert: 18.01.2010
Mitt medlemskap
Hva er pensjon?
Hva er alderspensjon?
Hva er uførepensjon?
Hva er ektefellepensjon?
Hva er barnepensjon?
Pensjonskalkulator(født 1943-1953)
Pensjonskalkulator(født før 1943)
Lånekalkulator
Test din låneevne
Beregn din lånefordel
Seniorkurs 2010
Skjema og brosjyrer