Hopp til innhold

Forsikring

Gruppelivsordninga i Statens pensjonskasse er ein tryggleik for familien din dersom du døyr før du når pensjonsalderen.

Dei fleste medlemmene i Statens pensjonskasse har ei gruppelivsordning hos oss. Ho sikrar familien din eit eingongsbeløp dersom du fell frå før du når pensjonsalderen. Gruppelivsordninga sikrar både partnaren din og barna dine.

Deltidstilsette har like rettar som heiltidstilsette.

Yrkesskadeforsikring

Yrkesskadeordninga forsikrar deg frå første arbeidsdag. Alle arbeidstakarar er omfatta av lov om yrkesskadeforsikring som blant anna skal gi meinerstatning og erstatning for tapt arbeidsinntekt. Vi kan også gi erstatning til familien ved dødsfall. Skaden må ha skjedd i arbeid, på arbeidsstaden og i arbeidstida og falle innafor definisjonen av arbeidsulykke eller yrkessjukdom i lova.

Meir om forsikringsordningane våre

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 18.01.2010