Hopp til innhold

Ordliste

Avdragstype; Serielån: Faste avdrag i heile lånet si nedbetalingstid. Terminkostnaden er høgast i byrjinga (av lånet si nedbetalingstid). Annuitetslån: Avdraget er justert i forhold til rentekostnaden slik at terminkostnaden er den same gjennom heile lånet si nedbetalingstid. Terminkostnaden vil likevel variere ved renteendring.

Avdragsfritak: I den avdragsfrie perioden betalar du berre renter og gebyr.

Depotgebyr: Dette er eit beløp som banken tek for å ordna med sikringa for lånet. Det kan også sjåast som vanlige handsamingskostnader.

Effektiv rente: Renta du faktisk betaler på årsbasis. I denne rentesatsen er alle omkostnader tatt med. Kostnadane omfattar for eksempel terminomkostnad, etablerings- og depotomkostnad.

e-Faktura: Inngå ein avtale om å ta imot rekninga direkte i din nettbank

Eigedomsregisteret: Er det nasjonale registeret over alle landets faste eigedomar

Eigedomsbetekning: Gnr = gardsnummer, Bnr = bruksnummer, Fnr = festenummer, Snr = seksjonsnummer

Etableringskostnader: Eingongsavgift som låntakar betalar til finansinstitusjon ved oppretting av ein lånekontrakt

Fast rente: Du har gjort ein avtale med banken om ei fast rente for ein bestemt periode. Perioden blir kalla bindingstid

Flytende rente: Renta endrar seg i takt med rentemarknaden

Gjeldsbrev: Skriftlig stadfesting av gjeld

Hjemmelshavar: Den som i offentlig register er registrert som eigar/medeigar av bustaden

Lånets nedbetalingstid: Den avtalte tida frå du etablerer lånet til lånet er fullt nedbetalt/ siste avdrag forfell

Marknadsverdi: Verdien av din bustad oppgitt i takst eller verdivurdering

Medeigar: Den som i offentlig register er registrert som eigar/medeigar av bustaden

Meklar: Formidlar av sal, kontrakts avslutningar

Mellomfinansiering: I samanheng med kjøp av ny bustad - det beløpet du må låne inntil du har fått oppgjer for din noverande bustad

Nominell rente: Bankens pålydande rente pr. år eksklusiv omkostnader

Nedkvittering av pant: Nedskrive gjeld til lågare verdi enn før

Opplåning: Meir lån innanfor eksisterande pantedokument

Overkurs: Gjelder fastrente lån. Ligg fastrenta på lånet ditt over noverande marknadsrente, bereknas overkurs - som du må betale - om du ynskjer å nedbetale lånet utover avtalt nedbetalingsplan

Panteattest: Attest som viser det som er tinglyst på ein eigedom

Pantedokument: Dokument som blir tinglyst ved etablering av pant i bustaden

Pantesikring: Panthavars rett til å søke dekning i den pantsette bustaden

Realkausjonist: Hjemmelshavar/medhjemmelshavar i bustaden som ikkje er lånetakar

Seksjonering: Del i eigarseksjonar, især gjer einingar i fleirfamiliehus til sjølveigar eining ved å gje dei eige gards- og bruksnummer

Terminbeløp: Det du betaler av avdrag + renter i ein avtalt periode/ termin.

Tinglysing; Sjølveigar/andelsbustad: registrere, kunngjere pant i fast eigedom/burettslags bustad

Tinglysingsgebyr: Gebyr for etablering av pant

Takst/verdivurdering: Fastsette verdien på eigedomen/leiligheiten

Underkurs: Gjeld fastrentelån. Ligg fastrenta på lånet ditt under noverande marknadsrente, bereknas underkurs - din gevinst - om du ynskjer å nedbetale lånet utover avtalt nedbetalingsplan.

Utskriftsvennlig side

Sist oppdatert: 06.05.2009